portrett akt

Anne Kristine Thorsby

Biletkunstnar ANNE KRISTINE THORSBY (f. 1962) er født og oppvokst i Oslo. Utdanna ved Kunsthøyskolen i Oslo. Bur på Lillehammer.

Thorsby har hatt meir enn seksti separatutstillingar og litografiane hennar er i kommisjon i mange av galleria rundt om i Noreg.

Internasjonalt er ho lansert med utstillingar i New York, Stockholm, Firenze og London.

Thorsby har mottatt fleire stipend, hatt fleire offentlege utsmykkingsoppdrag og er innkjøpt av fleire offentlege instansar.

Ho har også fått gode meldingar, m.a. av kunstkritikar Tommy Olsen i Morgenbladet: «Bildene hennes er for gode til ikke å bli lagt merke til.»

Medlem av NBK,BOA og BKO.

Portrettbilde: Kirsti Hovde