
Anne Kristin Hagesæther
ANNE KRISTIN HAGESÆTHER (f. 1968) har ein Bachelor of Arts frå Norfolk Institute of Art and Design og ein Master of Arts frå University of Brighton, England Som illustratør har ho vunne ei rekkje prisar for arbeida sine for bøker og design. Anne Kristin Hagesæther stiller regelmessig ut måleri og litografi og har stått for fleire utsmykkingar. Arbeida hennar er innkjøpt av mellom anna Noregs Bank,
Nasjonalbiblioteket og Statkraft.
Anne Kristin Hagesæther finn motiva til måleria sine og litografi i skogen, på fjellet og frå breiddene til Lysakerelva utanfor atelieret hennar. Motiva er utførte i uventa fargekombinasjonar, som ei blanding av abstraksjon og gjenkjennelege element. Ein kjærleik til naturen, eit vemod over klimaforandringane, men også kampvilje, kraft og optimisme ligg under når kunstnaren skaper motiva sine.
Hagesæther er opptatt av språk og titlar er ein viktig del av kunstnarskapet hennar. Desse har ho ofte lånt frå songtekstar, salmar eller lyrikk. «Når eg legg inn eit «vi» eller «ho» i ein tittel, kan betraktaren ana eit menneskeleg nærvær, eller sjølv bli ein del av bildet», forklarer ho.