
Ann Cecilia Baumann
Bærum
Ann Cecilia Baumann står bak varemerket AC design. I verkstaden sin på Bærums Verk produserer ho eigen design i porselen, unike koppar, vasar, bollar med meir. Ho har ein lidenskap for porselen – det er reint og skjørt, men samtidig sterkt. Ein kan både sjå og føla at tinga frå ac design er handlaga – alle er merkt av berøringen av menneskehender.
«Alle arbeida er laga i høybrent støpeporselen. Eg bruker matt glasur som er veldig robust. Arbeida blir laga i gipsformer som eg har laga med diverse hermetikkboksar som grunnform. Eg tar tinga ut av forma medan dei enno er fuktige og klemmer og slår på dei for at dei skal bli ujamne. Skrifta er sett på etter glasurbrann og brunne opp til 820 grader celsius.»