
Alf Ertsland
ALF ERTSLAND (f.1956)
Utgangspunktet for arbeida til Alf Ertsland har vore natur og kultur. Han er oppvaksen i Sunnhordland med naturen som leikeplass. I alle år har han hatt ein fascinasjon for vår felles norske kulturarv, og spesielt bondekulturen med sin frodige og rike tradisjon av handverk og kunst. Ertsland har ei klassisk malarutdanning frå Kunsthøgskolen i Oslo, og arbeider vesentleg med oljefargar på lerret. Han skil ikkje mellom figurativt og nonfigurativt. Alt handlar om bearbeiding av inntrykk, og leiting etter berøringspunkt mellom innhald og form.
Interessa og forvitenskapen for digital grafikk har dei seinare åra medført mykje eksperimentering, og skapt nye og friare uttrykk til dels påverka av graffiti og gatekunst, som er ein del av dagens kunstuttrykk. Kvart arbeid blir utført direkte på dataskjermen ved hjelp av digitale verktøy som til dømes Photoshop. Arbeida blir trykte i små opplag på 100 prosent syrefritt bomullspapir. Dette er ikkje Giclée, men original digital grafikk, etter dei offisielle retningslinjene som eksisterer. I tillegg arbeider Ertsland med foto som eit sjølvstendig uttrykk.
Innkjøpt av Nasjonalmuseet og ei rekkje institusjonar, mellom anna Dronning Sonjas kunstsamling.