
Alf Christian Hvaring
ALF CHRISTIAN HVARING (f. 1976), er ein norsk biletkunstnar. Arbeidet til Hvaring er utført i ei figurativ historieforteljing, men inkluderer abstrakte element. Motiva blir presenterte gjennom evna snap-shot-estetikken har til å fanga tilfeldigheiter og visa menneske i ulike situasjonar. Bilda er augneblink frå historier me ikkje kjenner, men inviterer til fri tolking. Personane på bilda er gjort anonyme. Dei skjuler ting, lener seg til abstraksjonar, har skjulte ansikt eller har ryggen vendt mot oss. Element kan stå i vegen for å sjå kven dei er, der forteljinga kjem frå, eller der dei skal. Motiva blir viste, men opphavet er dekt, så tilskodarane må sjølv definera historia. Menneska blir viste i ein kontekst som understrekar absurditeten til eksistensen og antydar ein sentimentalitet, ironi eller humor til eksistensen vår.