Åke Berg

ÅKE BERG (f. 1946), er utdanna ved Statens Handverks- og Kunstindustriskole ved m.a. Egil Weiglin og Hans Normann Dahl. Seinare har han tatt tilleggsutdanning som grafikar ved SHKS og Akademiet med Dag Hofseth og Svein Johansen som lærarar. Åke Berg fekk Tjølling Kommunes kulturstipend. Han er medlem av Norske Billedkunstnere og Norske Grafikere, har hatt fleire styreverv i Vestfold Bildende Kunstnere. Han har vore lærar ved den nordiske Malerskole i Frankrike, og elles ved kurs i inn- og utland. Atelieropphald ved Cité International des Arts, Paris. Utstillar ved ”The Northern Sea Route User Conference”. Arr.: Fr. Nansens Institutt, Oslo. Invitert utstillar til ”Norway Day Festival” i San Francisco. Festspelutstillar, Elverum. Han trykker litografia sine hos Jørund Sørensen i Noreg og Bramsen, Clot & Georges i Paris. Litografi «Catch» til Dronning Sonja Kunsthall 2017. Invitert gjestekunstnar i Galleri Bølgen «VÅRT LARVIK», Larvik Kulturhus.