Digital visning av utstilling
Annette Bryne
Annette Bryne
Frå laurdag 2.mai til 6. juni syner Galleri Giga Annette Bryne si vakre separatutstilling. Me kjenner lukta av saltvatn, høyrer lyden av bølgeskvulp og kjenner følelsen av varme steinar på stranda når me går inn i eit rom med Bryne sine arbeid. Store flotte måleri av akryl, men som gjerne vil vekkje assosiasjonar til akvarellar i måten Annette jobbar fram måleria sine, varsamt, med lette, gjennomskinlege lag med måling. Dette er den perfekte utstillinga no når me lengtar etter sjøbad, sol og ein bekymringsfri sumar.
Annette Bryne jobbar innan det abstrakte billedutrykket i måleriet i teknikken akryl på lerret. Bygger opp billedflaten med transparente lag på lag. Gradvis formar ho motivet i ei retning som skaper liv og djupne i motivet sitt ved store kontrastar i form og farge. Frå det transparente til det opaque. Stadig i organiske former. Dei reine uberørte flatene speler like stor rolle som dei omarbeidde. Ho går i overgangen mellom sjø og land. Lèt seg inspirera av rørsla. Kontinuerleg rulling av bølgjer og vind som slår mot land og skaper endring over tid samtidig som strandlinja består. Organiske former som oppstår i dei handfaste steinane, tare og sand. Og mellomromma som skaper vakre former. Endringar i forhold til vêret som skaper lys og skugge. Og ikkje minst dei transparente flatene etter vatnet som skyl inn.
Video: Galleri Giga
Kunstner
Dato
Tid
Arrangør
Sted
Annette Bryne
02.05.2020 - 06.06.2020
Måndag - Fredag 11-16, Laurdag 11-15
Galleri Giga
Osen 2, 5411 Stord