U t s t i l l i n g   n o  2018

 

I H e i m  I U t s t i l l i n g  n o I U t s t i l l i n g s p r o g r a m  I U t s m y k k i n g I G a l l e r i b u t i k k  I O m  G i g a I K o n t a k t I
 

 
      
09.06 – 07.07

GUNN VOTTESTAD - ET STREIF AV NORD

MALERI OG GRAFIKK
   
 

Me gler oss over å ynskja velkomen til sommarens første 
utstilling med Gunn Vottestad sine maleri og trykk! 
Nokre av dei rykande ferske.

Mange held kjær Gunn Vottestad sine bilete med hus 
frå nordlegare strok. 
Ho viser oss husa slik dei er etter år med vind og ver. 
Etter år med folk som har budd i dei, sove og leve, 
traska rundt i dei, inn og ut av dei.

Somme hus er godt haldne. Plankar blir bytte og husa malte på nytt. 
Andre står der som dei er og alltid har vore. 
Kanskje har folk flytta ut og aldri komme att. 
Kanskje kjem der nye folk. 
Eller kanskje vil huset til slutt detta ned. 
Uansett finns det noko der som kan minna oss om oss sjølve, 
om korleis me også beveger oss framover i tida, og 
somme stunder søker tilbake til det som ein gong var.
Korleis også me forsøker reparera det me bryr oss om, og 
andre gonger berre let det gå.

Verken husa eller menneska er perfekte, 
og i ei tid der ting går snarare og snarare og 
der alt det ytre skal framstå som plettfritt, 
er det godt å ha husa til Vottestad til å minna oss om at 
me menneska ikkje er maskinar. 
Me gjer ikkje alt rett til ei kvar tid, 
og nettopp difor er det også at me utviklar oss.

Gunn Vottestad er født i 1949 i Myre i Vesterålen. 
Ho bur og arbeider i Oslo, både med maleri og grafikk. 
Ho debuterte som kunstnar i 1997, etter å ha 
studert teikning og maling i 5 år mellom anna som elev av
Hans Köhler og ved Oslo Tegne og Maleskole. 

Ho har bak seg ei lang rekkje separat og kollektivutstillingar.


Velkomen!


     

       www.gallerigiga.no
       E-post: post@gallerigiga.no

       Facebook: Galleri Giga 
       Instagram: @gallerigiga 

   


     
      GUNN VOTTESTAD

     
     GUNN VOTTESTAD

      
      GUNN VOTTESTAD
 
    
   
GUNN VOTTESTAD 
     
      KVIT SOL MALERI

     
      RØDT TILBYGG MALERI

 

I H e i m  I U t s t i l l i n g  n o I U t s t i l l i n g s p r o g r a m  I U t s m y k k i n g I G a l l e r i b u t i k k  I O m  G i g a I K o n t a k t I